Vi held no på med Design oppgåva, der vi skal lage ein kniv med skaft.
Det er no skaftet vi kan legge arbeid i for å designe kniven slik vi vil.
Etter 2 fine dagar på Høgskulen har eg arbeidt ein del med kniven. Var i Svelgen
på Husflidshuset onsdag 16.02.11, der vi møtests ei gruppe på 5 - 6 personar som
arbeidar med husflid - karveskur m.m.
Eg arbeidde med kniven min, drøfta korleis eit funkjonell kniv /skaft skal vere, materialer og slire med meir.
Her er nokre av forslaga mine til skaft, kjem til å bruke to av dei, for eg vil lage to knivar.
Oppgåva i arkitektur såg og spennade ut, her trur eg vi kan lage mykje interessant og lære mykje av kvarandre. Så no er det berre å stå på, vi har mykje arbeid å ta tak i.
Johan sin blogg
mandag 28. februar 2011
lørdag 27. november 2010
Fagteorioppgåva - Kunstoppgåva!
Eg har vore ferdig med Kunstoppgåva ei stund, men har finpussa litt på den i kveld. Oppgåva er min oppleving av "Skriket". Har skrive om mi oppleving før, eg er ute i båt og opplever litt av det same som Edvard Munch opplevde. Eg legg ved 2 ganske like utgave, skal skrive ved sida av bilde kven av dei som er mi løysing.
Dette blir mi løysing på oppgåva,
då eg synest fargan eog linjene er best i dette bildet.
Dette bildet er ganske likt det første,
fekk kanskje ikkje himmelen så bra til.
Har også arbeidt ein del med loggen i Visuell Kommunikasjon i dag, den trur eg er ferdig. Sketchbook har eg gått gjennom, litt småting i igjen til i morgon. Fagteorioppgåva har eg og finpussa litt på, som eg skal legge i postkassa med det første. Har skrive faglegerefleksjonar, som vi skal lever føre eksamen, så no har eg igjen presentasjonen, som eg må gå gjennom i morgon. Godt at det er snart eksamen.
onsdag 24. november 2010
Fagteorioppgåva - Eksamen.
Eg har arbeidt mykje i dag meg Fagteorioppgåva, synest sjølv at eg har gjort ei god forbetring, med struktur og innhald m.m.. Det blir spennande å få tilbakemelding på den.
No vil eg bruke tida på å bli ferdig med alt arbeidet, og forbrede meg på muntleg eksamen. Sette meg betre inn i stoffet om Edvard Munch, og tenke gjennom korleis eg vil presentere kunstnaren min, med bilete og tekst m.m.. Så her er berre å stå på.

tirsdag 23. november 2010
Arbeidar mot eksamen!
Vil no seie meg ferdig med Kunstoppgåva, arbeide - finpussa ein del på det som vil bli mitt endelege arbeid i går, som er mi løysing, oppleving av " Skriket" .
Held og på med å rette Fagteorioppgåva og går gjennom det andre arbeidet. Så må eg bruke denne veka til å forbrede meg på eksamen - ei spennande , men travel veke.
Held og på med å rette Fagteorioppgåva og går gjennom det andre arbeidet. Så må eg bruke denne veka til å forbrede meg på eksamen - ei spennande , men travel veke.
søndag 21. november 2010
Kunstoppgåva!
Har skrive litt i veke 46 om dei utkasta som eg har valt ut i minst to ulike variantar av teknikk.
Fekk godkjend skissene som eg arbeidde med i ulike teknikkar, på siste samling. Skissene har eg prøvd ut i klipping i papir, maling i akvarell, fargestiftar og ei skisse i blyant teikning.
Legg ved nokre av skissene her:
I Kunstoppgåva vil eg skape ein replikk - lage eit bilete av "Skriket".
Eg valde ut å arbeide med eit av utkasta av skissene og har prøvd det ut i to teknikkar.
Maling med akrylmaling og eit bilete i silkepapir. Har laga fleire utkast av desse to teknikkane, og legg dei ved her. Det var kjekt å arbeide med denne oppgåva, på forskjellige måtar. Eg strevar litt med å få fram lyset, himmelen, perspektiv, fargane og bølgene på sjøen m.m..
Kunstoppgåva mi vil bli eit bilete i akrylmaling, då eg synest det er beste teknikken å få fram desse tinga eg peika på. Legg ved utkasta som vil føre fram til endeleg arbeid.

onsdag 17. november 2010
Fagteorioppgåva og Kunstoppgåva!
Dagane går fort no, skal eg komme i mål med oppgåvene. Eg har skrive ned det som eg meiner bør vere med i Fagteorioppgåva, har ein del arbeid igjen med retting og å lese gjennom stoffet.
Kunastoppgåva arbeider eg med, utkasta ser greie ut, men har tenkt å arbeide meir med, forbetre dei litt i veke 47. Det er ufordrande og spennande å arbeide med Munch. Eg vil prøve å lage mi løysing på "Skriket". Har no laga to bilde i silkepapir, som eg synest har vore interessant arbeid. Skal i kveld prøve å male eit bilde, mi kunstoppgåve i akrylmaling. Så blir det spennsnde å sjå kva for eit av desse bilda eg vil ha som mi Kunstoppgåve. Eg skal levere den på fredag, så eg må berre stå på.

fredag 12. november 2010
Fagteorioppgåva og kunstoppgåva.
Skal bruke helga til å arbeide med fagteorioppgåva, slik at eg kan sende den til vurdering i begynnelsen av veke 46. Edvard Munch er eit stort emne, så det blir vanskeleg å velge ut det viktigaste. Eg tek utgangspunkt i "Skriket" og vil skrive litt om Sjalusi og Pikene på bryggen. Kunstoppgåva mi vil vere å få fram mi oppleving av "Skriket".
Abonner på:
Innlegg (Atom)