søndag 21. november 2010

Kunstoppgåva!

Har skrive litt i veke 46 om dei utkasta som eg har valt ut i minst to ulike variantar av teknikk.
Fekk godkjend skissene som eg arbeidde med i ulike teknikkar, på siste samling. Skissene har eg prøvd ut i klipping i papir, maling i akvarell, fargestiftar og ei skisse i blyant teikning.


Legg ved nokre av skissene her:

I Kunstoppgåva vil eg skape ein replikk - lage eit bilete av "Skriket".
Eg valde ut å arbeide med eit av utkasta av skissene og har prøvd det ut i to teknikkar.
Maling med akrylmaling og eit bilete i silkepapir. Har laga fleire utkast av desse to teknikkane, og legg dei ved her. Det var kjekt å arbeide med denne oppgåva, på forskjellige måtar. Eg strevar litt med å få fram lyset,  himmelen, perspektiv, fargane og bølgene på sjøen m.m..
Kunstoppgåva mi vil bli eit bilete i akrylmaling, då eg synest det er beste teknikken å få fram desse tinga eg peika på. Legg ved utkasta som vil føre fram til endeleg arbeid.

"Skriket" Silkepapir.

"Skriket" Akrylmaling.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar