Dagane går fort no, skal eg komme i mål med oppgåvene. Eg har skrive ned det som eg meiner bør vere med i Fagteorioppgåva, har ein del arbeid igjen med retting og å lese gjennom stoffet.
Kunastoppgåva arbeider eg med, utkasta ser greie ut, men har tenkt å arbeide meir med, forbetre dei litt i veke 47. Det er ufordrande og spennande å arbeide med Munch. Eg vil prøve å lage mi løysing på "Skriket". Har no laga to bilde i silkepapir, som eg synest har vore interessant arbeid. Skal i kveld prøve å male eit bilde, mi kunstoppgåve i akrylmaling. Så blir det spennsnde å sjå kva for eit av desse bilda eg vil ha som mi Kunstoppgåve. Eg skal levere den på fredag, så eg må berre stå på.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar