lørdag 27. november 2010

Fagteorioppgåva - Kunstoppgåva!

Eg har vore ferdig med Kunstoppgåva ei stund, men har finpussa litt på den i kveld. Oppgåva er min oppleving av "Skriket". Har skrive om mi oppleving før, eg er ute i båt og opplever litt av det same som Edvard Munch opplevde. Eg legg ved 2 ganske like utgave, skal skrive ved sida av bilde kven av dei som er mi løysing.
Dette blir mi løysing på oppgåva,
                  då eg synest fargan eog linjene er best i dette bildet.
                


Dette bildet er ganske likt det første,
fekk kanskje ikkje himmelen så bra til.

Har også arbeidt ein del med loggen i Visuell Kommunikasjon i dag, den trur eg er ferdig. Sketchbook har eg gått gjennom, litt småting i igjen til i morgon. Fagteorioppgåva har eg og finpussa litt på, som eg skal legge i postkassa med det første. Har skrive faglegerefleksjonar, som vi skal lever føre eksamen, så no har eg igjen presentasjonen, som eg må gå gjennom i morgon. Godt at det er snart eksamen.

onsdag 24. november 2010

Fagteorioppgåva - Eksamen.

Eg har arbeidt mykje i dag meg Fagteorioppgåva, synest sjølv at eg har gjort ei god forbetring, med struktur og innhald m.m.. Det blir spennande å få tilbakemelding på den.
No vil eg bruke tida på å bli ferdig med alt arbeidet, og forbrede meg på muntleg eksamen. Sette meg betre inn i stoffet om Edvard Munch, og tenke gjennom korleis eg vil presentere kunstnaren min, med bilete og tekst m.m.. Så her er berre å stå på.

tirsdag 23. november 2010

Arbeidar mot eksamen!

Vil no seie meg ferdig med Kunstoppgåva, arbeide - finpussa ein del på det som vil bli mitt endelege arbeid i går, som er mi løysing, oppleving av " Skriket" .
Held og på med å rette Fagteorioppgåva og går gjennom det andre arbeidet. Så må eg bruke denne veka til å forbrede meg på eksamen - ei spennande , men travel veke.

søndag 21. november 2010

Kunstoppgåva!

Har skrive litt i veke 46 om dei utkasta som eg har valt ut i minst to ulike variantar av teknikk.
Fekk godkjend skissene som eg arbeidde med i ulike teknikkar, på siste samling. Skissene har eg prøvd ut i klipping i papir, maling i akvarell, fargestiftar og ei skisse i blyant teikning.


Legg ved nokre av skissene her:

I Kunstoppgåva vil eg skape ein replikk - lage eit bilete av "Skriket".
Eg valde ut å arbeide med eit av utkasta av skissene og har prøvd det ut i to teknikkar.
Maling med akrylmaling og eit bilete i silkepapir. Har laga fleire utkast av desse to teknikkane, og legg dei ved her. Det var kjekt å arbeide med denne oppgåva, på forskjellige måtar. Eg strevar litt med å få fram lyset,  himmelen, perspektiv, fargane og bølgene på sjøen m.m..
Kunstoppgåva mi vil bli eit bilete i akrylmaling, då eg synest det er beste teknikken å få fram desse tinga eg peika på. Legg ved utkasta som vil føre fram til endeleg arbeid.

"Skriket" Silkepapir.

"Skriket" Akrylmaling.

onsdag 17. november 2010

Fagteorioppgåva og Kunstoppgåva!

Dagane går fort no, skal eg komme i mål med oppgåvene. Eg har skrive ned det som eg meiner bør vere med i Fagteorioppgåva, har ein del arbeid igjen med retting og å lese gjennom stoffet.
Kunastoppgåva arbeider eg med, utkasta ser greie ut, men har tenkt å arbeide meir med, forbetre dei litt i veke 47. Det er ufordrande og spennande å arbeide med Munch. Eg vil prøve å lage mi løysing på "Skriket". Har no laga to bilde i silkepapir, som eg synest har vore interessant arbeid. Skal i kveld prøve å male eit bilde, mi kunstoppgåve i akrylmaling. Så blir det spennsnde å sjå kva for eit av desse bilda eg vil ha som mi Kunstoppgåve. Eg skal levere den på fredag, så eg må berre stå på.

fredag 12. november 2010

Fagteorioppgåva og kunstoppgåva.

Skal bruke helga til å arbeide med fagteorioppgåva, slik at eg kan sende den til vurdering i begynnelsen av veke 46. Edvard Munch er eit stort emne, så det blir vanskeleg å velge ut det viktigaste. Eg tek utgangspunkt i "Skriket" og vil skrive litt om Sjalusi og Pikene på bryggen. Kunstoppgåva mi vil vere å få fram mi oppleving av "Skriket".

Visuell Kommunikasjon


Her er nokre av utkasta til oppgåva!

Eg har i går og i dag arbeidt med oppgåva i Visuell kommunikasjon. Var ikkje ferdig med utkasta før det endelege uttrykket mitt, som eg har kalla for " Stemning".  Har sendt utkasta til Hege Gjerde i dag, legg ved tre av utkasta i bloggen.

mandag 8. november 2010

Blogg til Kunstoppgåva "kunstnaren min"

Eg har valt Edvard Munch i fagteorioppgåva, og vil prøve å lage eit bilde "Skriket" i kunstoppgåva.
Kjem til å lage 5 skisser i forskjellig teknikker og uttrykkforma blir å gjenskape bilde " Skriket" men med eit personleg preg.
Dei 5 teknikkane er maling, fargeblyantar, klipp og lim, silkepapir og blyant - teikning. Det personlege preget vil vere at eg er ute i båt, ein kveld seint på hausten. Mørket kjem sigande, sola går ned i havet og eg er ute i båt åleine. Stemninga og alt rundt meg er så fasinerande, mørket kjem sigande, eg har lyst til å sette i eit skrik. Eg kjem til å bruke fargesamansetting og linjer i bilete som vil få fram "Skriket" det fasinerande, at alt blir mørkt rundt meg.
Utkasta vil eg då prøve å lage i to teknikkar, silkepapir og akrylmaling. Trur at eg kjem til å lage eit endelege bilde, kunstoppgåva, i akrylmaling. Skissene og utkasta vil eg legge ut på bloggen seinare.

torsdag 4. november 2010

Fagtiorioppgåva

Hei, eg held no på med Fagteorioppgåva om Munch.
Det er ei stor oppgåve som kan vere vanskeleg å begrense, men det er spennande og lærerikt.
Håper eg kjem nokolunde i mål til måndag.

Johan Vadøy