Eg har valt Edvard Munch i fagteorioppgåva, og vil prøve å lage eit bilde "Skriket" i kunstoppgåva.
Kjem til å lage 5 skisser i forskjellig teknikker og uttrykkforma blir å gjenskape bilde " Skriket" men med eit personleg preg.
Dei 5 teknikkane er maling, fargeblyantar, klipp og lim, silkepapir og blyant - teikning. Det personlege preget vil vere at eg er ute i båt, ein kveld seint på hausten. Mørket kjem sigande, sola går ned i havet og eg er ute i båt åleine. Stemninga og alt rundt meg er så fasinerande, mørket kjem sigande, eg har lyst til å sette i eit skrik. Eg kjem til å bruke fargesamansetting og linjer i bilete som vil få fram "Skriket" det fasinerande, at alt blir mørkt rundt meg.
Utkasta vil eg då prøve å lage i to teknikkar, silkepapir og akrylmaling. Trur at eg kjem til å lage eit endelege bilde, kunstoppgåva, i akrylmaling. Skissene og utkasta vil eg legge ut på bloggen seinare.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar